søndag 4. november 2012

6 Oktober

Dagens mål Grand Canyon.
 Kvar morgon har vi ei samling der vi blir innformert grundigt om dagens reise. Her er ikkje alle komt endå men alle var punktlige på desse samlingane.
 Norde delen av Grand Canyon. Dette er lenge før vi kjører inn i nasjonalparken og det ser heilt annaleis ut enn når vi kjem dit.


 I dette området stod det mange biler i veikanten og vi såg folk som gikk å lette etter eit kvart. Lurte virkeligt på kva som voks i dette sandlagte området.
Seinere på dagen snakte vi med ein kar som stod å lette under ei slik fure. Og det viste seg att det var pinjenøtter dei hausta. Fikk smake og dei var gode.
 Vårt første møte med G C.

 Det var definnetivt storslagent men alikevel tok det ikkje pusten av oss. 
Etter alt vi hadde sitt blei kanskje dette litt grått.
 Grand Canyon er ein dal med bratte sider utskårne av Colorado River.
Den er 446 km lang og varierer i bredden frå 6.5 km til 29 km og har ein djubde på over 1,8 km.
Altså digert. Og det er vanskeligt å få fram på bildene.

 Utsiktspost.
 Dei andre i reisefølget vårt forflytta seg frå utsiktspunkt til utsiktspunkt.
Men vi var 5 personer som hadde meldt oss på helikoptertur så vi reise ned til gamlebyen som ligg ved kanten. For å få i oss litt mat før den store begivenheten.

 Etter å ha blitt vogne og vist ein sikkerhetsfilm bar det til værs.
Må innrømme at eg hadde nokre sommerfugler i magen.
Kanskje nokre ferre enn Eivind som har flyskrekk.

 Å fotografere gjennom den bua glassruta var ikkje enkelt og bildekvaliteten er deretter.
Då vi flaug frå sånn passelig høgde over bakken og ut over dalsøkket er følelsen ubeskrivelig.
 Det var enormt.

 Fine høstfarger i dalsidene.
 Colorado River langt der nede.



 Ein opplevelse vi ikkje ville vore foruten. På trass av sommarfuglar i magen.

Vi overnatta på Koa Grand Canyon.

Fortsettelse følger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar