torsdag 20. august 2015


Lørdag 25.07 

reiste vi ut til Brennholmen for å ta ferga over til Botnhamn på Senja.
Dette er ei sommarferje og den har ikkje så mange avganger  til dagen.
Vi fikk 3 timers venting.
Då var det bare å lage seg middag å slå i hel resten av tida.
Det var nok langt meir kjedeligt for dei i privatbiler.
Været skifta frå overskya til sol mens vi sto der.


Sjikkeligt seriøst. ;)



Sida nesten heile dagen hadde gått med til dette ferjetullet så valgt vi å bestille på ein campingplass.
Valget falt på Senja camping i Tranøybotnen. Adresse Silsand.
Vi kjørte difor indre leia. Gikk nok glipp av noko der men såg mange malte sykkelantikviteter. 
Ei oppladning ti Artic race tenker eg.
Campingen låg 5 kilometer inn på ein grusvei og vi trudde vi hadde kjørt feil. Men vi kom fram tilslutt.
Til stille og rolige omgivelsar. 




 Ein liten rusletur blei det denne gangen også
Ein nydelig kveld.

Omgivelsane her ga ro og
vi holt kviledag her søndagen.
Bare slappa av.
Denne kvelden sto himmelen i brann.





Neste dag skal vi reise til Andøya.
Følg med, det blir ein opplevelse.

onsdag 19. august 2015

Torsdag 23.07

Sola skin og vi er på hjul igjen.
Nordreisa - sørkjosen

 Olderdalen
Det bles ein kald vind.
Herfrå tok vi ferja over til Lyngseidet.
Vi hadde tenkt å tilbringe ei natt på denne strekningen men fann ikkje noko brukandes camping der. 
Denne strekningen var prega av høge fjell. Det var ikkje så ulik vår vestlandsnatur.
Vi tok ferja frå Svensby og over til Breivikeidet. 

Og straka vegen til Tromsø camping i Tromsdalen.
Bare ein spasertur frå Ishavskatedralen og brua.
Campingen er ny og med flotte asfalterte plasser. Godt gjemt bak vannet her.



Når vi kjøre slik heile dagen er det viktigt å få bevega seg litt.
Det blir egentlig alfor lite bevegelse på ein slik tur. 


Neste dag sto Botanisk hage på programmet.




Så då fikk vi rusla litt då også.
Vi kjørde tilbake til campingen og lot Bambi være igjen der.



Tok oss så inn til sentrum.
Rusla og såg på byn. Handla litt og åt til slutt på Egon.





tirsdag 18. august 2015

Onsdag 22,07

Det tok ei god stund før vi kom oss frå Alta denne dagen. 
Vi reiste difor ikkje så veldigt langt.
Landa på Sørstraumen camping i Kvænangen.
Holder nok ikkje mål for dei som set høg standar høgt, men vi synest dette var ein av dei triveligste plassene vi besøkte på denne turen.
Hyggeligt vertskap og gode naber.
Og eit herligt og avslappande landskap.


Blomsterengane her nord er heilt fantastiske.
Bambi i kløvereng.

Vi grilla og naut kveldsstunda like ved fjorden.
 Sola lagde små regnbuer i dei små skyene.
Detta er perfekt sa eg.
Det mangler bare att det kjem nokre kvaler no.
Og det gjorde det.
Dei forsvann like fort som dei kom då det kom ei båt fresende forbi. Så det har eg ikkje bilde av. 
 Det nærma seg midnatt. 
Folk rigga seg til med fluktstolar og vin.
Og vi bare sat der og såg.
Siste bilde er tatt ved midnatt og då er sola bak fjellene der.
Men lyset. Det er heilt spessielt. Kameraet klarer ikkje å fange det heilt men nesten. :)

følg med det kjem meir..

mandag 17. august 2015

Søndag 19.07
Vi har sovet på Nordkapp :)
Tåka låg tjukk då vi vakna. Detta kan bli ein utfordring tenkte vi for trafikken inn på platået var allerede begynna å komme. Men vi hadde ikkje kjørt langt før tåka letta.
Vi hadde fått eit tips om å besøke Havøysund.
Då var det å kjøre 10 mil tilbake på veien vi hadde kjørt ut.
Denne gangen beordra eg eit stopp på veien. Han Eivind er ikkje altid like god å be.
Men etappen denne dagen var bare på vel 20 mil.
Denne bilen hadde følgt oss frå Alta til Norkapp og tilbake. 
Dei låg nok i telt der ute. 
Den hadde reist frå Polen og måtte skubbes igang kvar gang.

Vi var tydeligvis ikkje dei første der ute.
Lurer egentlig litt på denne skikken. Kor kommer den frå?
Dei er då allestedsnærverande.

Rein er det både her og der.

Vi tok av ved Olderfjord inne i Porsangerfjoren og kjørte mot Havøysund. 
Det er bare å sei det. Denne strekningen må du bare kjøre.
Vi hadde fint vær og naturen var bare fassinerande.

 Havøysund.

Vi kjørte inn i sentrum og forbi Hotellet. 
Der var det gratisparkering for bobiler. 
Myntautomat på strømmen.
Neste dag var det meldt gråvær over heile nord og vi valgte å bli der vi var på mandagen. 
Rein og skær avslapning.
 Sik såg det ut den dagen. Merk vindmølleparken.
 Eg kan ikkje for det. Eg er fassinert av slike bygg. 
Det første er dødt.
Det andre er liv.
Synest begge deler er ubeskriveligt vakkert.

Tirsdag 21.07
Før vi kunne forlate Havøysund måtte vi opp på platået ved vindmøllene.
Det var framdeles litt disigt så sikten var ikkje så god.
 Det var ikkje bare grått det var ein kald vind også.

 Snur en nasa litt ned er det ganske fassinerende det ein ser der også.
 Vi blei ikkje der lenge, vi hadde Alta som mål denne dagen.
 Eit siste bilde av Havøysund. 
På vei ned igjen.
Ein siste kvile med utsikt over havet.

Reisa tilbake var like fantastisk som ut der.
Og så var det det med bilder igjen. 
Ja eit par tok eg. 
Måsøy
 Det er så uendeligt mykje å sjå att ein ikkje heilt klarer å ta det inn.
 Frå Olderfjor bar det tilbake over Sennalandet og til Alta.
Samme camping som sist. 
Eivind hadde bestemt att han skulle vaske klær og der var det skikkelige maskiner. ;)
Kveldskos. Myggremediane var der komt fram.

Her ligg det 3 campingplasser atmed kvarandre og på den eine såg vi denne.

Hotellbuss. Eller skal vi sei semi. Her held dei på å dekke opp.

Følg med meir følger.